Job Description

Det er ledig to faste stillingar i 75 % som helsefagarbeidar i heimetenesta frå 10.08.26. Arbeid etter til ei kvar til gjeldande turnus. Personalet i heimetenesta yter tenester til  Solbakken omsorgsbustadar, Liabygda omsorgsbustadar og heimebuande i Stranda tettstad og Liabygda. 

Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker ein helsefagarbeidar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordring på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging.

Aktuelle søkjarar kan/vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25. 

Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.


Arbeidsoppgåver
  • Pleie og omsorg til brukarar med varierande behov
  • Dokumentasjon i pasientjournal
  • Medikamenthandtering
  • Legge til rette for godt samarbeid mellom brukarar, pårørande og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Yte teneste etter gjeldande lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
Kvalifikasjonar
  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig stilling.
  • Må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til velferdsteknologi
  • Førarkort
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar
  • Ynskje om å arbeide med eldre og vere oppteken av høg fagleg kvalitet
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig og målretta
  • Evne til å samarbeide godt med andre
  • Positiv i møte med brukarar og kollegaer
  • Personlege eigenskaper vert vektlagd
Vi tilbyr
  • Varierte arbeidsoppgåver samt innflytelse på eigen arbeidskvardag
  • Kompetanseheving
  • Ungt og fagleg aktivt miljø
  • God opplæring

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

Offentleg tenestepensjon for nytilsette



KontaktinformasjonAstrid Helene Ringdal, Avdelingsleiar, +47 46411156
ArbeidsstadNymarkvegen 58
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5149977845
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 02.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Back to all jobs