Job Description
Ledig frå 01.01.27
52 % interkommunal jordmorvakt og 48 % kommunal svangerskapsomsorg
Vil du vere med og utvikle eit godt og framtidsretta jordmortenestetilbod i regionen? Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig jordmor til ei spennande kombinert stilling med arbeid både innan kommunal svangerskapsomsorg og interkommunal jordmorvakt.
Om stillinga
Stillinga er delt mellom:
-
52 % interkommunal jordmorvakt, der du inngår i vaktordning for følgjeteneste og beredskap for gravide og fødande.
-
48 % kommunal svangerskapsomsorg, med oppfølging av gravide, førebyggjande arbeid og tverrfagleg samarbeid.
Stillinga er ein del av Helsestasjon og skulehelsetenesta med kontor i 2. etasje på Vågå helsesenter.
Du vil få ein variert arbeidskvardag med høve til å følgje kvinner og familiar gjennom svangerskap, fødsel og barseltid.
Arbeidsoppgåver
-
Svangerskapsomsorg i tråd med nasjonale retningsliner
-
Individuelle konsultasjonar og oppfølging av gravide og nyfødte
-
Ammekyndig oppfølging og barselarbeid
-
Foreldre- førebuande kurs
-
Heimebesøk og oppfølging etter fødsel
-
Dokumentasjon i fagsystem Infodoc
-
Deltaking i tverrfagleg samarbeid med fastlegar, helsestasjon, spesialisthelseteneste og andre relevante samarbeidspartnarar
-
Deltaking i interkommunal jordmorvakt og følgjeteneste
-
Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid
Kvalifikasjonar
-
Norsk autorisasjon som jordmor
-
Erfaring frå svangerskaps- og barselomsorg er ynskjeleg, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Relevant klinisk erfaring er ønskjeleg
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
-
Førarkort klasse B
-
Erfaring frå svangerskapsomsorg og følgjeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
-
Er fagleg trygg og sjølvstendig
-
Har gode samarbeidsevner
-
Er fleksibel og løysingsorientert
-
Har god evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
-
Bidreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering
Vi tilbyr
-
Ei meiningsfull og utfordrande stilling
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
-
Dyktige og engasjerte kollegaer
-
Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
-
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir stilt krav om politiattest før tiltreding.
Om arbeidsgiveren:
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid -- med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.