Job Description
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag ved eit lokalsjukehus med breitt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter?
Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar i kombinert stilling ved medisinsk sengepost og medisinsk poliklinikk. For intern søkjar kan stillinga bli organisert som 100 % ved medisinsk sengepost. Stillinga er i utgangspunktet ikkje planlagd delt.
Arbeidstid
Arbeid i snitt kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter i helg
Om medisinsk sengepost
Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp.
Om medisinsk poliklinikk
Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innan fleire indremedisinske fagområde, mellom anna hjarte- og mage-/tarmsjukdomar. Vi har også infusjonspoliklinikk med hovudvekt pkreftbehandling og behandling av mage-/tarmsjukdomar.
Kvifor velje Lærdal sjukehus?
Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.
Kvifor bu i Lærdal?
Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiarane.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost og poliklinikk
- Sjukepleie til medisinske pasientar
- Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Delta i opplæring og rettleiing av studentar
- Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaring innen overvaking blir vektlagt
- Gode IKT-kunnskapar
- Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne
- Har eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar
- Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver
- Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø
- Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Personalhytte på Filefjell
- Moglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonHrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk seksjon LSH, 415 30 456, [email protected]Anja Myklemyr, Einingsleiar medisinsk poliklinikk, 975 38 392, [email protected]
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar medisinsk sengepost, 479 06 594, [email protected]
ArbeidsstadSjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5155549603
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.